12. nov 2019 Psykobloggen

Sju Små Sekund

Om et øyeblikk som forandret alt.

Colourbox31315346

Tenk deg at du havner i ei bilulukke, og at guten din eller jenta di knekk ein fot. Det er ikkje så vanskeleg å tenke seg, sånt skjer heile tida, uansett kor forsiktig du måtte vere. Og du veit liksom at når helsevesenet får lagt på gips, så kjem foten etter ei stund til å helbrede seg, og ungen din vert akkurat like frisk som før.

Og tenk deg deretter at istadenfor ein knekt fot, så får ungen din ein varig hjerneskade i den same ulukka. Det kan vere ein stor hjerneskade, eller ein liten og heilt usynleg ein. Ein som gjer at ungen din ser heilt uforandra ut, men at det er enkelte ting som ikkje “funker” heilt inni der – ting du finn ut litt etter litt. Alt kan framleis gå ganske bra, men alt er mykje vanskelegare å forholde seg til – både for ungen din, for helsevesenet, for deg og alle dei rundt deg.

Eller hjerneskaden kan vere forårsaka av ei nesten-drukning, fall-ulukke, av sjukdom eller hjerneslag, sånt vi trur berre rammar eldre menneske. Det er kanskje vanskeleg å forestille seg at sånt kan hende, men aktive ungar er overalt, og ulykker skjer rett som det er. Og ungane sit plutseleg med skadar som både hjelpeapparatet rundt, foreldra og ungane sjølv har problem med å forstå.

Etter at dottera mi skada hovudet alvorleg og pådro seg erverva hjerneskade i februar 2018 har vi opplevd enorme utfordringar, ikkje berre grunna konsekvenser av skaden, men og på alle andre måter i det daglege liv. Ut i frå eigen røynsle om kor vanskeleg det har vore å vere pårørande, ønsker eg difor no å bruke min eigen yrkesbakgrunn til å bidra til å formidle litt kunnskap “ute i verda” som kanskje kan gjere det lettere for andre pårørende viss dei rundt veit litt meir om kva ein faktisk står i og opplever – og kva ein treng. Nettverket rundt kan fort kjenne seg hjelpelause, og i beste og kjærligaste meining gjer og seier dei det dei trur er rett og støttande. Medan det kan vise seg at det nettopp har motsatt effekt. Dette kan føre til mykje ekstra belastning for alle partar – og kunne kan hende vore unngått dersom ein hadde meir kunnskap. Eg ønskjer og å bidra til meir kunnskap om korleis det er å vere barn med usynlege utfordringar. Det finnes mange slike barn, uavhengig av årsak og bakgrunn.- Kvifor skriv/snakkar du offentleg om dette? Vi du utlevere dottera di? Familien din? Deg sjølv?

Nei.

Eg skriv ikkje for å utlevere nokon. Ikkje for å sanka sympati heller, det har eg fått av dei eg treng å få det frå.

Men eg oppdaga undervegs kor desperat svolten eg var på å finne informasjon. Ikkje av den faglege typen, det finns det i bøtter og spann av både på nett og i ymse brosjyrar.

Eg trong å vete meir om det menneskelege aspektet ved det heile, korleis ei slik ulukke og ein slik skade påverkar både den som utsetjast for det, men og for dei nærmaste – og livet generelt.

Eg trong å vete om eg var heilt på tur med tankane og kjenslene mine.

Eg trong å vete kva som var “normale” reaksjonar frå dei rundt.

Eg trong å vete meir om kva eg og vi hadde i vente.

Og etter kvart trong eg å formidle kor mykje godt ein kan oppleve når ein først hamnar i suppa.

77103157 435670417092654 1199121621701361664 n

Irene J. Ahnéll

Frilansskuespiller og kunstnerisk leder for teaterkompaniet Krabaten. I 2018 pådro Irene sin datter en moderat hjerneskade i en fallskjermulykke og det er utfordingene i rollen som mor og pårørende hun skriver om. Irene har egen blogg.

Relaterte saker