Tilhoeyrarar
6. jan 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Organisasjonskultur og tankemønster

Den raude tråden i siste kurset i år var meistring. Foredragshaldarane vinkla dette frå ulike ståstadar. Det vart lagt vekt på tilbod, viktige prosessar i organisasjonar og korleis tanken og følelsar styrer oss.

Fagkonsulent Kari Anne Nerland ved Lærings- og meistingssenteret (LMS) fortalde om LMS som m.a. er ein møteplass mellom fagpersonar og brukarrepresentantar, der det skjer utvikling av læringstilbod til pasientar og pårørande. Pasient- og pårørandeopplæringa skal bidra til at deltakarane med kronisk sjukdom skal meistre kvardagen betre. LMS gjev ut aktivitetsplan for heile fylket (med oversyn over kurs) to gonger i året. Brukarorganisasjonane er involverte i utarbeidinga av alle kursa til pasienter og pårørande. Kursa er tverrfaglege, har fokus på meistring og på alle kursa har ein brukarhistorie. LMS har kontor ved alle sjukehusa i fylket, og samarbeider med sjukehusavdelingane, organisasjonane og kommunane.

Kulturen i organisasjonen betyr mykje for motivasjon og meistring. Audhild Mork siterte Henning Bang sin definisjon: «Organisasjonskulturen er de sett av felles delte normer, verdier og virkelighetsoppfatninger som utvikler seg i en organisasjon når medlemmene samhandler med hverandre og omgivelsene». Det er menneska i organisasjonen som gjennom sine haldningar og åtferd skaper kulturen som i neste omgang styrer medlemmene si åtferd og vert til: Slik gjer vi det hos oss.
Organisasjonskulturen som har utvikla seg, styrer deretter korleis menneska i organisasjonen handlar. Såleis har alle i organisasjonen ansvar for utviklinga av kulturen, men det er leiaren som er kulturberaren. Den opparbeidde kulturen påvirkar m.a. effektiviteten og korleis organisasjonen framstår. Ho tok også fram betydninga av å innta ei løysingsorientert haldning. Audhild var også innom antakelsar, korleis det vi antek kan påvirke det vi leitar etter: Du finn det du leitar etter og handlar etter det.

Kognitiv terapeut Marit Solem Mesingset fortalde at kvar einaste dag rasar det 60.000 tankar gjennom hovudet. Det skjer automatisert, tankane kan vere ubevisste, positive eller negative. Det kognitive handlar om tankane medan vi handlar på følelsar tankane skaper. Vi kan påvirke tankane, endre dei og såleis følelsane. Til dei ulike tankemønstra er det knytta ulike følelsar. T.d. når vi kjenner angst, melder det automatiske negative tankemønsteret seg og seier: Dette er farleg.

Gjennom heile livet ber vi med oss grunnleggande levereglar (mønster) som har vorte utvikla tidleg i livet, og er resultat av opplevingar. Noko som har skjedd i barndommen kan vere begynnelsen på danninga av eit mønster, t.d. vorte kritisert eller overbeskytta. Mønsteret vil styre måten vi tenkjer, føler og forheld oss til andre på.
Etter planen skulle vi få informasjon om det medisinfrie tilbodet ved Vegsund DPS, men p.g.a. akutt sjukdom gjekk innslaget ut. Marit tok over og fortalde om tankar menneske som utviklar eit problematisk forhold til rusmidlar får. Dei bygger antakelsar om at dei må ha rusmidlar for å meistre både motgang og medgang i livet.
Dette var siste kurset i år, og fredag kveld var vi samla til julebord. Etterpå sette vi dei små grå i sving på to-delt quiz.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal