Opninga av årsmøtet
Delegatar og andre medlemmer er klar for det 37. ordinære årsmøtet i fylkeslaget.
8. mai 2019 Mental Helse Møre og Romsdal

Fylkesårsmøte i Mental Helse Møre og Romsdal

Det møtte 43 deltakarar frå åtte lokallag. Av desse var det 27 delegatar og 16 såkalla «øvrige medlemmer». På landsmøtet 2018 vart det gjort endring i vedtektene slik at «øvrige medlemmer» fekk tale- og forslagsrett.

Fylkesleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte første del av dagsorden, og som tidlegare år vart Iver Kåre Mjelve valt til møteleiar med Åshild Sivertsen som årsmøtesekretær. Med stø hand losa Iver Kåre oss gjennom sakene. Årsmøtet synte stort engasjement under forhandlingane, og det var fleire innspel når det gjalt årsmeldinga, rekneskapen, samt fastsettinga av handlingsplanen og budsjettet.

Sak på dagsorden er eventuell fastsettelse av honorar/godtgjersle til styret. Det har ikkje vore gitt honorar til fylkesstyret tidlegare, og fylkesstyret rådde ikkje til innføring av det. Årsmøtet slutta seg til innstillinga.
Som vanleg var siste post på dagsorden val. Tone Lillian Wist la fram valkomiteen si innstilling til nytt styre og valkomite.

Det nye styret fekk slik samansetjing:
Leiar Anna Margrethe Drægebø Moe – valt for 2 år
Nestleiar Irene Sundholm – valt for 1 år
Styremedlem Per Gimnes – ikkje på val
Styremedlem Oddrun Beyer Holm – valt for 2 år
Styremedlem Arild Kvamme– valt for 2 år
Varamedlemmer i rekkefølge: Maria Mindestrømmen, Mathilde Hofseth Skorpen og Finn Audun Hårstad. Alle valde for 1 år.

Valkomite valt for 1 år: Ingrid Løset (leiar), Tone Lillian Wist og Marit Palma Abelvik med varamedlemmer: Synnøve Lange og Terje Mikkel Mundal.

Nedanfor er det bilde av et nye styret. Framme f. v.: Arild og Maria (1. vara). Bak f. v.: Per, Irene , Anna Margrethe, Oddrun og Finn (3. vara). (2. vara Mathilde var ikkje til stades).

På siste bildet har møteleiar Iver Kåre og årsmøtesekretær Åshild fullført oppdraget og leiar Anna Margrethe er i gang med å takke dei for godt utført arbeid.

Flere saker fra Mental Helse Møre og Romsdal