Årsmøtet
Godt frammøte med aktive deltakarar på årsmøtet.
18. feb 2020 Mental Helse Rauma

Årsmøte i Mental Helse Rauma

Måndag 17. januar var det årsmøte i lokallaget med godt frammøte. Møtet vart halde i Helsehuset.

Etter godkjenning av innkalling og sakliste, vart Finn Audun Hårstad valt til møteleiar og protokollskrivar med Charlotte Andreassen og Gunn-Helen Andreassen som protokollunderskrivarar.

Årsmeldinga 2019 synte god aktivitet, og frå den kan nemnast at kvar fjortande dag var det møteplass på helsehuset med sosialt samver for medlemmene og andre interesserte. På møta var det mellom anna kurs og foredrag om aktuelle tema. Revidert rekneskap synte god økonomisk styring og at lokallaget er liv laga.

Framlegget til handlingsplan vart godkjent, og heller ikkje i år hadde nokon meldt inn saker til årsmøtet. Årsmøtet hadde ein god diskusjon om diverse saker, blant anna om likepersonsaktivitetar og å vere synleg i lokalavisa. Laget manglar kontorplass; noko som fører til at laget sine eigedelar må oppbevarast i fleire heimar.

Årsmøtet vart avslutta med diverse val. Gledeleg var det at ein ungdom kom inn i styret. Fylkesfadder, Anna Margrethe, orienterte om mål og oppgåver i fylkeslaget. På tampen av møtet vart det servert pizza som vart fortært saman med god prat.