Gamlevegen
Tunnell tok over trafikken. Gamlevegen er fin turveg i vakker natur.
9. apr 2019 Mental Helse Stordal

Solvandring

Sola har slite seg over fjella i Stordal og kastar lange skuggar der ho kjem til. Klårver med seks raude grader. Vindguden pæser kald austing nedover dalen.

Vi møtest på Dyrkorn, set kursen utover på gamlevegen. Vill-plommetreet i solhellinga helsar oss velkommen med blømande duft. Gjer seg klar for å freiste turgåarar med frukt seinare. Rundar første svingen. Austingen krusar fjorden smått. Sola blandar strålane i kruset. Lagar glitrande sølvstripe over fjorden. Ingen båt bryt fjorden. Stilt.

Gamlevegen kallar fram minne om ein og anna steinen fjellsida sleppte ned på vegen. Sparkar til sides par-tre steinar. Sola varmar, snart kryp plantene opp av jorda i fjellsida, strekkjer seg mot sola. Bjørkene sprett tidlegare ut her enn inne i dalen. Mang ein 17. mai-komite inne i Stordal har henta bjørk til pynting her. Utsprungen bjørk laga vårkjensler inne i Stordal. På andre sida av fjorden ligg dei fråflytta gardane på Skotet. Ventar på liv og røre når turfolket kjem. Tida som var, vert gjenskapt med dyr og onn på gamlemåten når våren kjem for fullt. Forfedrene sitt daglege slit for føda får nostalgisk glans.

Mellom to tunnellar ligg Kokarsteinen – eigarane klargjer kiosken for drift. Slår av ein prat. Opninga skjer komande fredag. På neste tur kan vi kjøpe is. Vi randar oss i restane av den historiske kokarsteinen for bildetaking. På tilbaketuren passerer vi kassa for turboka. Ho vert lagt ut 1. mai.

Flere saker fra Mental Helse Stordal