Received 601913680834410 – kopi
Benken lokkar, og det er herleg å hengje seg nedpå og nyte landskapet rundt. (Foto: Bjørg Hjelmseth)
6. okt 2021 Mental Helse Stordal

Bortom elva

Som oftast vert det til at vi går den vanlege ruta langs Storelva. No vart det ein vri.

Utgangspunket for turen denne første måndagen i andre haustmånaden var campingplassen. Veret er lagleg også i dag og set ein ekstra spiss på turen når vi traskar langs elva fram til Kvammebrua. Vi luffar over brua til Kvammesida, fyl ei liten sti framover, går etter kvar inn i utmarka med litt skog der det står ein fin benk. Fuglane er tagale, berre elvesusen når øyra.

Benken ved elva lokkar til ei kvild. Godt å nyte den fine haustdagen, trekkje inn den klåre haustdåmen, sjå på Øvrebust-grenda. Nok ein herleg tur i nærmiljøet.

Flere saker fra Mental Helse Stordal