20211006 153554 (3)
"Jorden rundt på 80 dagar" vart oppført i musikalversjon for første gong i Noreg - altså norgespremiere på Opera Nordfjord.
7. okt 2021 Mental Helse Stordal

Flott reise i danse- og musikkverda

Tenk vår barndoms lesnad “Jorda rundt på 80 dagar” av Jules Verne som musikal på Opera Nordfjord. Ei flott oppleving.

Alltid spennande å gå i operaen. Denne gongen var det musikal i høgt tempo bygt på handlinga i “Jorda rundt på 80 dagar”. Ikkje eit kjedeleg minutt sjølv om det gjekk meir enn tre timar irekna pause.

Engelskmannen Phileas Fogg inngår eit veddemål med rivalen Stuart. Fogg hevdar at det er råd å reise jorda rundt på 80 dagar, og skal bevise det. Stuart engasjerer ei kvinne, Finoula Fix – Kvinnen Uten Skygge til å stikke kjeppar i hjulet for Fogg og tenaren hans, Passepartout, slik at dei skal tape veddemålet.

Så er reisa i gang med mange tragiske opplevingar – innblanding i sjølvmord og kasta i fengsel i Roma – i Suez vert tenaren forført av ei mystisk kvinne – i India reddar dei ei enkje frå å verte offer for enkjebrenning – uheldige Passepartout hamnar i magen på ein kval, men vert spydd ut att. Romantikken melder seg, Fogg har vorte begeista for Finoula som er i villreie fordi ho har fått kjensler for Fogg. Dei står i konflikt med jobben ho tok på seg. Reisa går vidare til New York der dei ikkje når båten, men den Flygande Hollender gjev dei skyss. Likevel er dei eit stykke frå målet, London, og manglar tid. Så ordnar alt seg då dei har gjort ein feil med stillinga av klokka. (Foto: Valborg og Anna Margrethe.)

Flere saker fra Mental Helse Stordal