20211018 114658 – kopi
Når hausten og kulden gjer inntog er det alltid kjekt å avslutte vandringane med sosialt treff over ein matbit og kaffi på ein kafe. (Foto: Brit Skjelten)
20. okt 2021 Mental Helse Stordal

Fin tur og samling på kafe

Regntida fekk ein liten pause måndag med klårver og sol etter nattekulde. Sjølvsagt måtte vi på tur.

Alltid kjekt å samlast på Valbøen og gå postvegen. Bratta i starten får opp pulsen og gjer godt for skrotten. I dag var det litt for kaldt til henge seg nedpå benken på høgda slik vi har gjort tidlegare. Sola smiler, men har ikkje fått varma vegen. Den ligg avsolt til. Pytt,pytt! Grusen stikk opp og gjer det trygt å gå både med og utan stavar.

Målet, Sjøholt sentrum, ligg bada i sol. Vi når asfaltert veg som er litt isa der sola ikkje har kome til. Best å finne godt fotfeste i vegkanten på graset. Fall og beinbrot står ikkje på dagsorden. Vi skal innom “Systra” for ei sosial stund med ein matbit og kaffe. Kjekt å runde av turane med kafebesøk når årstida hindrar oss i å nyte niste utandørs.

Flere saker fra Mental Helse Stordal