Last ned
Bli med! Ein god latter gjer godt i haustmørket!
4. nov 2021 Mental Helse Stordal

Lattergaranti i Stordalshallen

Haustmørket kryp tettare på oss – ta deg ein tur i Stordalshallen tysdag 23. november kl. 19.00 og få deg ein god latter.

Det er biblioteket som inviterer til eit humoristisk møte med nynorsk-aktivisme i Stordalshallen. Då kjem forfattar Arnfinn Kolerud for å snakke om boka «Gamle menn i syningom», som er det tredje og siste bindet i trilogien om Bendik Uføre, Orm Åkerstein og andre personlegdomar i Vassbygda, ei trassig bygd i Nordvest som tviheld på nynorsken.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Fjord biblioteka og prosjektet Litteraturhus Møre og Romsdal.

Møt opp, få deg ein god latter! Hugs at ein god latter forlenger livet.

Flere saker fra Mental Helse Stordal