Image0000001 (2)
Nokre lette skyfjom pyntar himmelen. Vi kastar stripe-skuggar på vegen lik ein fotgjengarovergang.
10. nov 2021 Mental Helse Stordal

Langestrakte skuggar i haustbleik sol

Sommartida er over og med den tilbakestillling av klokka. Kvelden kjem tidlegare på.

På Kokarsteinen gjekk vi ut av bilane, vart møtt av “gnese” . Vinden ruska i kjakane, rufsa i håret. Best å dra lua godt ned over øyra, sette seg i bevegelse, halde på varmen. Set kursen mot kursen mot Dyrkorn på gamlevegen.

Vergudane har vore godlynte på nesten alle turane våre. I dag har dei blese bort regnskyene og let sola smile rund og blid på himmelen. Skuggane strekkjer seg lange og magre på vegen lik tynne “strongar”, prøver å rømme frå oss ved kvart steg, men vi leikar med dei og held dei fast i skotuppane. Somme tider svingar skuggane på seg, sopar langs bergveggen eller legg seg flate på vegen.

Vinden tek ikkje her vi har passert fjellknausen mot Kokarsteinen. Sola er raus med varme strålar. Trea er i ferd med å riste av seg haustkleda, ser litt undrande på oss godt kledde i friske fargar, strekkjer sine magre gråsvarte knudrete kvistar med restar av haustdrakta mot sola. Sparkar her og der i fargerikt lauv. Ingen båt pløyer fjorden. Dyrkorn er nådd, og vi traskar tilbake. (Foto: Jorunn Vestre)

Flere saker fra Mental Helse Stordal