20211115 114521 – kopi
Utskikt frå Jarskar over fjorden mot Ramstaddalen og Søvika.
16. nov 2021 Mental Helse Stordal

Seinhausttur på Jarskar

Kalenderen synte 18. mai 2021 då vi var her på tur sist. Kjekt med reprise i siste haustmånaden.

Etter trakkinga på asfalten opp frå Vestre, tek vi av til venstre, gyv på opp ein gruslagt bakke. Får opp dampen, pulsen stig i takt med tempoet. Vert mindre prating til toppen er nådd. Dei som var raskast opp bakken, snur og går dei siste i møte. Ei form for sosialisering. Vi ruslar vidare på skogsvegen.

I dag, omlag eit halvt år sidan vår-turen, har fuglane reist, lauvet har gulna og mesteparten er rista av trea og ligg på bakken, har skifta farge til brunleg. Herleg å sparke i lauvet for kvart steg og høyre den svake raslinga. Årstidene gjev ulike opplevingar og gleder. Berre å sjå og nyte dei. No som lauvtrea har kledd av seg og spriker nakne mellom bartrea ser vi det vakre landskapet rundt.

Skogsvegen tek slutt, går over i ein sti over eit myrete lende, vi passerer ei lita elv på nokre steinar i stegavstand, fortset på stien. Litt seinare er vi ved eit nedlagt bruk som har vorte ein fin feriebustad. Traskar vidare til neste bruk. Der er bygging av eit hus med panoramavindu for å nyte den storslagne utsikta. Vi vandrar i eit landskap med skiftande opplevingar, passerer steingardar og gamle murar som vart bygt for å gjere dyrka mark flatare. No ligg dei der som minne om slitet som var. (Foto: Brit og Anna Margrethe)

Flere saker fra Mental Helse Stordal