20211128 174952 – kopi (2)
Artistane gav tilhøyrarane ei fin oppleving av høgtid og glede.
29. nov 2021 Mental Helse Stordal

Høgtid og glede

Vi har som tradisjon å vere på ein julekonsert også utanbygds, og valde den i Spjelkavik kirke.

For nokre dagar attende vart det lagt eit kvitt teppe over markene, ein forsmak på julesnøen. Dei blå gradene kraup ned mot ti, og skoa laga gode vinterlydar mot snøen. Den ytre vinterramma saman med julekonserten i kyrkjerommet gav ei fin oppleving å ta med seg vidare inn i jula. Vi var fjorten somtok turen i lag for å oppleve konserten.

Konserten Stille Natt Hellige Natt har vore ein tradisjon i over 30 år. Denne gongen var det Ingrid Berg Mehus, Maria Haukaas Mittet, Hans Marius Hoff Mittet og Rune Larsen som underheldt. Rune Larsen var også konferansier og batt saman innslaga. Dei framførte kjende norske julesongar saman med nokre engelske, og artistane formidla høgtid og glede. (Foto: Brit Skjelten)

Flere saker fra Mental Helse Stordal