Straummastrer
Mastrene sende solstrålane i retur.
7. mai 2019 Mental Helse Stordal

Til Gausneset

Å for ein strålande morgon.
Å for ein strålande dag.
Vi skal på tur i dag!
(Fritt etter Oscar Hammerstein II.)

No hadde det vore finever i fleire veker – alt for fint ver for det som veks på marka. Bjørkene var langt komne med lauvspretten, kvitveisa blømde og jammen gjorde ikkje blåbærlyngen det same.
Alt mest 3 veker for tidleg etter gamal tidsrekning.

No såg vi skoddeskyer i horisonten og yr melde regn om eit par dagar. Ikkje nok med at dei melde regn i ein dag, men ei heil veke framover. Her var det berre å få på seg turkleda og nytte godveret. Det vart til og med betre enn vi hadde venta. Vi vart både varme og tørste, så det gjorde godt med både ein stein eller stubbe å hengje seg ned på og litt å drikke. Oppe i straummastene sende aluminiumen solstrålane i retur. Nede på fjorden var det nokon som prøvde fiskelukka frå båt. Oppe frå toppen av Gausneset såg vi det blenkte i småkruset på Storfjorden. Ein strålande aprildag. Det kan ta veker før vi får ein slik dag igjen, vi veit kvar vi bor! (Tekst og bilde: Alfhild Midtbust)

Flere saker fra Mental Helse Stordal