Stein Erik Busengdal
Takk til Stein Erik Busengdal for interessant innføring i fuglelivet rundt oss.
16. mai 2019 Mental Helse Stordal

Fuglar i nærmiljøet

Stein Erik Busengdal synte bilde av fuglar og fortalde om dei. Vi fekk kjennskap til fuglearter som vi ikkje visste lever i traktene rundt oss i kommunen vår.

Stein Erik har «jakta» på fuglar i nærmiljøet og «skote» dei med fotoapparatet sitt. Såleis fekk vi sjå bilde han har teke av fuglane som lever rundt oss. For fleire av oss var det ukjent at artene han har fotografert fins i nærmiljøet. Vi vil nok verte meir obs på fuglane heretter når vi bevegar oss rundt i terrenget.

Her vert berre nokre få av fuglane han synte bilde av nemnde. Kjernebitaren med det karakteristiske nebbet og kvitt band på vengjen er av og til på matingsplassen vinterstid. Nebbet har ei bitekraft på 40 – 50 kilo. Krafta kjem godt med då kjernebitaren for det meste lever av kjernar av steinfrukter. Grønnspetten med eit kraftig raudt felt på hovudet ber namnet sitt med rette.Ser vi ei maurtue som er holete eller ruska litt i, er det truleg ein grønnspett som har leita etter livretten sin, maur.

Då Stein Erik fotograferte fjellrypa, opplevde han at ho synte seg lite redd. Ho var nok trygg på kamuflasjefjørdrakta si. Lirypa var meir sky og vanskelegare å komme inn på. På Giske fotograferte han Kvitkilgåsa som kjem frå Svalbard. Ho kunne spasere rundt, men då flya gjekk inn for landing, letta ho. Svartmeisa er den minste meisa vår. Vi fekk sjå bilde av kvitryggspett som står på raudlista; det er berre att 10 – 12 par i landet vårt. Fossekallen er ein tøffing og ivrig badar; likar seg i fossar og stryk der han sym og dukkar på jakt etter småkryp.

Flere saker fra Mental Helse Stordal