Per Christian <ellefsennull
Per Christian Ellefsen kjem hit på markeringa av Verdensdagen for psykisk helse sundag 29. september.
30. mai 2019 Mental Helse Stordal

Per Christian Ellefsen til Stordal

Vi skal markere Verdensdagen for psykisk helse sundag 29. september i Stordalshallen. I år er vi så heldige å få hit skodespelar Per Christian Tellefsen som vil halde foredrag rundt årets tema: Gje tid!

Han er særleg kjent for tolkninga si av Elling i filmtriologien Elling, Mors Elling og Elsk meg i morgen. For å ta fram noko av alt det han har gjort, kan nemnast også at han har spela i Hotell Cæsar. Han har fått Gullruten 2001 som beste tv-skodespelar for innsatsen sin i Soria Moria.

Tittelen på foredraget hans er Gi av din tid og du gir glede! Han vil gje oss eit foredrag der vi kan le av oss sjølve og alt det rare vi gjer. Saman skal vi finne ut korleis det å vere til stades og ha sjølvironi gjer livet lettare å leve.

I september vil det verte lagt ut meir informasjon om markeringa i Stordal.

Flere saker fra Mental Helse Stordal