Samling
Til slutt samla nokre av oss seg til bildetaking. .
4. jun 2019 Mental Helse Stordal

Kjekt å møtast

Takk til Mental Helse Giske for lokallagstreffet de inviterte til på vakre Alnes første dagen i første sommarmånaden. Alltid kjekt å treffe andre medlemmene i storfamilien Mental Helse. Denne gongen var vi 38.

Det var interessant å høyre Inge Westad fortelje om Alnes og fyrstasjonen. Etterpå fekk den som hadde lyst, gå dei bratte trappene opp i vinkeltårnet som ragar 22,5 meter over bakken. Utruleg flott utsikt til eit fantastisk landskap rundt. Berre å vandre rundt høgt oppe og syge inn inntrykka. Etterpå fekk vi servert velsmakande brennsnut med godt brød til.
Tarekake var det også. Vi takkar Mental Helse Giske for ein triveleg dag!

Flere saker fra Mental Helse Stordal