20220509 110247 (2)
På vandring ved stranda inn i busetnaden på nedre Dyrkorn kom katten og helsa kjælen på oss. Litt klapp og kos, så vandra han sin veg.
9. mai 2022 Mental Helse Stordal

Gamlevegen til glede

Då vegen vart lagt i tunnel, fekk vi gamlevegen frå Kokarsteinen til Dyrkorn til fin turveg litt over fjorden.

Dyrkorn er perla i Stordal med vakker og open natur. Å rusle fjordlangs rundt 30 meter over fjorden på veg bygt på gamlemåten med handemakt kallar fram tankar på innsatsen arbeidsfolket utførte med reiskapane dei hadde då. Stranda er lun, og blomane tittar fram, helsar blidt på oss turgåarar. Omlag midtvegs er kasse for stikk-ut-registering. Hadde vi hatt med niste, kunne vi “hengt oss ned” på ein benk og nytt staden endå meir.

Vi ruslar inn til Dyrkorn, legg vegen ned til fjorden og gjennom nedre Dyrkorn, passerer ei sjarmerande naustrekke, oppdagar at Devold har open butikk. Sjølvsagt må vi inn og sjå, bla litt i varene, slå av ein prat med dei bak skranken. Kan det verte likare, godt ver, triveleg selskap og flott natur? Kjempefin måndag.

Demokratiet er viktig, og avgjerda vart at neste tur går på Jorskar. Vi møtest på Vestre kl. 10:15, parkerer der.

Flere saker fra Mental Helse Stordal