Gausneset (2)
Undervegs lokka den fine muren til matpause på turen. Herleg å innta nista både ståande og sitjande. (Foto: Jorunn V.)
11. mai 2022 Mental Helse Stordal

Turglede i regn og blåst

Klesskapa kjende på gleda då regnkleda vart tekne med på lufting og tur ut til Gausnes i regn og vind. Friskt og herleg.

På 1. mai var veret strålande, og dagen derpå vart annleis, men tur ville vi ha måndag 2. mai. Greitt å parkere ved Lindsetvik-saga, bruke apostelen sine hestar og rusle utover mot Gausnes. Berre å trekkje att glidelåsen i regnkleda, dra hetta over hovudet og traske i veg, herleg med regndropar og frisk vind i andletet, kjenne på den lunefulle våren. Vi rusla forbi blomar som streva med å stikke opp mellom daudt haustgras og kvistar. Snøen er treg med å sleppe taket. Ein liten kamp mellom vinter og vår pågår i siste vårmånaden.

Flere saker fra Mental Helse Stordal