20220620 185314 (2)
Under vandringa inn i seterområdet på god grusveg er det utsikt til storslagne og høgreiste fjell.
26. jun 2022 Mental Helse Stordal

Ettermiddagstur til Grytalisætra

Denne gongen la vi turen til Grytalisætra og gjekk tur saman med LHL. Kjekt å verte kjende med andre turgåarar.

Kort etter passeringa av Sportskapellet, parkerte vi på romsleg parkeringsplass, og slepte laus “apostelen sine hestar” på god grusveg. Den går til Tresfjord. Etter ei stund tek vi av til høgre på bomveg til Grytalisætra som ligg 398 moh. Auga møter høgreiste fjell, m.a. Grytavasstind og Lauparen som kneisar seg 1.434 moh. Greitt å parkere på setra dersom turmålet er eitt av fjelltoppane eller Grytavatnet. Både tida og føtene går fort i godt turfølgje og godt prat, og målet er nådd. Så er det berre å nyte alt auga kan sjå.

Flere saker fra Mental Helse Stordal