Liasætra 2022 (2)
Glimt frå ei vakker sæter.
2. sep 2022 Mental Helse Stordal

Aktivitetsplan for september

Vi har laga plan for første haustmånaden som begynte med nydeleg ver, soldagar utan regn.

Aktivitetsplanen er sendt til alle medlemmene på sms. Av praktiske grunnar måtte vi bytte på to aktivitetar, turane Trandal og Jarskar. Planen er no slik: Måndag 05. Jarskar, måndag 12. Vestresætra, måndag 19. Trandal, torsdag 22. Langsætrane og måndag 26. postvegen Hellesylt.

Torsdagane, kl. 11:00 – 12:30 er det torsdagstreff på frivilligsentralen. Vi går tur i nærområdet og samlast etterpå til ein prat over vaflar med kaffi/te. Merk at 22. september er det ikkje treff då vi skal på tur til Langsætrane.

Tysdag 13. er det medlemsmøte på frivilligsentralen.

NB! Det kan skje endringar i planen. Medlemmene får sms-melding.

Flere saker fra Mental Helse Stordal