20220905 112955
Ei lita kvild på benken i fint landskap må til.
7. sep 2022 Mental Helse Stordal

Fine turar kan takast oftare

I nærmiljøet er det rikeleg med turalternativ, og fine turar kan takast omatt og omatt. Det er alltid noko nytt å sjå.

Straks vi steig inn i første haustmånaden dukka finveret opp med sol heile dagen. Plaster på den overskya og stabile regnsommaren? I allefall, berre å nyte finveret som er her no. Vi møttest på Vestre, parkerte og labba opp asfaltvegen til vi litt oppe i bakken tok av til venstre på skogsvegen. Noko pusting og pesing med stogg av og til vart det opp den bratte skogsvegen. Men så letna det då vi nådde høgda og kunne vandre på tilnærma flat grusveg vidare. Praten gjekk lettare på flata enn i motbakken.

Sidan sist vi vandra her, har hogstmaskiner vore i aksjon og fjerna graner på område både nedanfor og ovanfor skogsvegen. Landskapet har opna seg. No ser vi ned til Vestre og vide omkring. For ei utsikt i den klare haustlufta med varmande sol. Vegen, stien og elva er uttørka. Inga myrpøyte å lure seg tørrskodd over denne gongen. Vi passerer eit steingjerde og tek ei lita kvild på benken, nyt staden og roa, ruslar vidare ned til gardsvegen.

Høyrer lyden av øksehogg. Ein mann står i tunet ved fritidsbustaden sin og kløyvde vedkubbar. Han kjenner nok på ein av alle varmane før den siste når vedskiene ligg i omnen og brenn. Litt lengre nede er eit nybygg under oppføring. Snikkaren jobbar på. Flott bygg på ein fin plass. (Foto: Anna Margrethe og Jorunn)

Flere saker fra Mental Helse Stordal