Img 04131001 (2)
Etter turen opp, vart vi helsa velkommen med mat og kaffi/te som stod klar.
25. sep 2022 Mental Helse Stordal

Alltid kjekt på Vestresætra

Denne sætreturen er ein årviss tradisjon, og like triveleg kvart år.

Vi køyrer til Massplassen. Nokre ønskjer å ta føtene fatt og gå på god grusveg opp til setra. Andre køyrer opp. Som vanleg var vi ein bra flokk som samla seg i hytta til Arna. Denne gongen fjorten. Kalenderen synte 12. september, og veret heldt seg bra til glede for turfolket. Utpå dagen vart det nokre dropar. Dei plaga ikkje oss.

Arna har fyrt opp, og det er lunt og godt i hytta. Så er det slik at over ein kaffikopp med noko attåt losnar praten og mange tema vert diskutert. Noko vert løyst, anna ikkje. Til liks med dei andre setrane er det ikkje husdyr på setervollen eller i marka. Utsikta nedover setervollen, mot fjorden med fjella som kulisser, er storslagen. Tusen takk til Arna for oss! (Foto: Jorunn og Bjørg)

Flere saker fra Mental Helse Stordal