20221010 194925 – kopi (2)
Grendasalen i Stordalshallen var fullsett.
18. okt 2022 Mental Helse Stordal

Vi treng kvarandre. #løft blikket!

Verdensdagen for psykisk helse vart markert på sjølvaste verdensdagen 10. oktober med fullsett sal i Stordalshallen.

I I992 bestemte FN bestemte at 10. oktober skal vere internasjonal verdensdag for psykisk helse. Dagen vert markert av over 150 nasjonar, og psykisk helse vert sett på dagsorden. Eit tema som vedkjem alle menneske. I Noreg har Mental Helse fått i oppdrag av Helsedepartemenet å koordinerer kampanjen. Det gjer organisasjonen for trettiande gong i år.

Målet med den nasjonale kampanjen er å auke kunnskap, forståing og openheit om kva som styrkar og svekkar den psykiske helsa, og gjere tiltak som styrkar folkehelsa. Kampanjen har vokse svært mykje dei siste åra. I 2021 vart det sett rekord med meir enn 3100 markeringar i heile landet der kommunar, skular, arbeidsplassar, lag og organisasjonar sette psykisk helse på kartet.

Temaet i år: Vi treng kvarandre. #løft blikket! er ein del av ein treårig strategi der fellesskap, inkludering og førebygging av utanforskap er eit overbyggande tema. Einsemd og utanforskap er sentrale utfordringar for den psykiske folkehelsa. Ein av fem seier dei har få personar å rekne med ved personlege problem, og kvar fjerde ungdom har ingen å snakke med når dei har det vanskeleg. Vi har eit grunnleggande behov for å høyre til og vere ein del av eit fellesskap. Gode møteplassar er viktige for å bygge nettverk, kjenne meistring og forebygge utanforskap.

Mental Helse Stordal, Stordal Helselag og frivilligsentralane i Fjord kommune samarbeidde om arrangementet som vart sponsa av Stordal Helselag og Sparebanken Møre saman med Mental Helse sentralt og lokalt.

Flere saker fra Mental Helse Stordal