Uteliv
Det er godt tilrettelagt for å sitje utandørs og inne i bygget til venstre der det også er bord og benkar.
28. aug 2019 Mental Helse Stordal

Grillfest i idylliske Stavåna

Vergudane øydela grillfesten vår i fjor og jaga oss innandørs. Dei angra nok, for i år spanderte dei skyfri himmel og 28 grader på oss 35 som kosa oss med velsmakande mat og hyggeleg prat i Stavåna.

Grillfesten i Stavåna er tradisjon, og vi er på historisk grunn med vakker natur rundt. Elva – Stavåna – som kastar seg hissig over bratte berg gav vatn til drift av kverna i kvernhuset og stampa som vart brukt til å «stampe» vadmel slik at tyet vart mjukt, tett og varmt. Men det er over 100 år sidan stampa var i bruk.

Til glede for komande generasjonar er det sett opp nye bygg som syner korleis det var i tidlegare tider då kornet vart til mjøl mellom steinane i kverna, og stivt vadmel omgjort til godt ty. Elva passerer kvilelaus anlegget, kvervlar seg vidare ut i Storelva, roar seg litt, flyt vidare nedover bygda.

Flere saker fra Mental Helse Stordal