Fire av oss.
Lokallaget vårt var godt representert med seks frammøtte, der fire av oss samla seg på ein benk i amfiet i Martin Linge-huset. (Foto: Palma Flåen Øvrebust)
26. sep 2019 Mental Helse Stordal

Inspirasjonskveld

Frivilligsentralane i Stordal og Norddal inviterte til inspirasjonskveld for lag, organisasjonar og andre interesserte på Martin Linge-huset i Norddal. Formålet med møtet er å byggje dei to kommunane – Stordal og Norddal – saman. Frå nyttår er dei Fjord kommune.

I innlegga vart det bl.a. teke fram kor viktig det frivillige arbeidet er, likeeins arbeidet med å finne gode måtar å motivere og rekruttere nye frivillige. Vi må finne nye måtar å verve på. Det trengst folk i alle aldersgrupper som kan arbeide t.d. eit par timar ein gong i månaden eller nokre timar i veka.

Elles var ein innom «prosjekt-sykja». Organisasjonane kan søke midlar til prosjekt. Tida går svært fort også om ein har eit tre-årig prosjekt; ein skal gjennomføre og får lite tid til å arbeide med fortsettelsen. Når prosjektperioden er over, står ein oftast utan midlar til vidare arbeid fordi det er oftast er uråd å få midlar til drift. Rapporteringa m.m. er svært tidkrevjande for laga og mange opplever papirarbeidet som vanskeleg og omfattande. Det går mykje tid med til å sette seg inn i regelverket og fylle ut skjema.

I den nye kommunen vil ein venteleg møte utfordringa når lag/organisasjonar med litt ulik kultur skal finne gode samarbeidsmåtar. Ved å verte kjende med kvarandre er vi eit godt stykke på veg. Representantar frå 10 -15 organisasjonar møtte på inspirasjonskvelden, og det var innlagt ein god pause med kveldsmat. Der fekk vi høve til å gjere oss kjende med andre lag sine representantar og diskutere. Vi seks frå vår Mental Helse Stordal opplevde kvelden som nyttig og ein god start på å byggje oss saman i den nye kommunen.

At ordføraren i Stordal og varaordføraren i Norddal møtte og hadde innlegg, understrekar at politikarane ser på frivillig arbeid som svært viktig for samfunnet.

Nedanfor finn du programmet for møtet som var.

Flere saker fra Mental Helse Stordal