På Vestresætra
Etter gåturen opp til setra var det fint i solveggen på verandaen med storslagen utsikt.
15. okt 2019 Mental Helse Stordal

Tradisjon og kultur

Det er tradisjon å samlast på vakre Vestresætra. Oftast har vi teke turen dit i august. I år stod det 7. oktober på kalenderen. Som tidlegare år var vergudane i godlune.

Fleire av oss elleve gjekk setervegen frå Madsplassen medan nokre køyrde opp til setra. Etter ein halvtimes gange samla mange seg på verandaen og saug inn solvarmen frå skyfri himmel. Praten sat laust, og vi var innom mange tema. Brit kosa seg med strikkearbeid, og pinnane gjekk flittig. Utsikta frå hytta er storslagen. Mange år har gått sidan seterlivet tok slutt. Beitedyra er også borte, naturen har teke over og plantar tre overalt. Seterhus har vore til fine lettstelte hytter. Vi som opplevde sæterlivet i barndommen saknar dyra som rusla rundt på setervollen.

Etter ei tid trekte vi inn i hytta der Arna hadde fyrt opp og dekka på bordet. Rundt bordet gjekk praten vidare med mange gode historier frå tida som var. Takk til Arna for ein fin dag på setra.

Flere saker fra Mental Helse Stordal