Bading
Bading i 34 grader varmt vatn på Muritunet er ein av aktivitetane våre.
31. okt 2019 Mental Helse Stordal

Aktivitetar i november

Siste haustmånaden er alltid spennande i overgangen til vinteren. Fordi det ofte vert snø og glatt, legg vi vekt på inne-aktivitetar. Under kalenderen på nettsida vår finn du fleire opplysningar om aktivitetane.

Planene for november:
Onsdagane: Bading i 34 grader varmt vatn på Muritunet. Gruppe 1: Kl. 16.00 – 17.30 og Gruppe 2: Kl. 17.45 – 19.15.
Måndagane og torsdagane kl 11.00 – 12.00 møtest vi på Stordal Treningssenter. Du kan komme tidlegare og vere der lengre eller trene til andre tider dersom det passar betre. Kr 160 pr månad som du betaler til treningssenteret.
Tysdag 12: Medlemsmøte kl 18.00 – 20.00. Merk tidspunktet!
Måndag 18: Førjulstur til Langevåg.
Torsdag 28: Styremøte/kurs.
Fredag 29: Julekonsert i Spjelkavik kyrkje.

Medlemmene får tilsendt aktivitetsplanen for november som sms på mobiltelefonen og har muligheit for å planlegge i god tid kva de vil delta på. Som vanleg, vil alle medlemmene få kort informasjon på sms framfor kvar aktivitet, slik at de kan melde dykk på. Dette gjeld ikkje treningssenteret. Heller ikkje badinga der gruppene er organisert med faste kontaktpersonar for kvar badegruppe.

Flere saker fra Mental Helse Stordal