Julegata
Hendene fulle av handleposar, men berre halvveges i handlerunden. (Foto: Jorunn Vestre)
18. nov 2019 Mental Helse Stordal

Kvil kjevlet - la kortet gløde

Like viktig som å bake til jul er andre tradisjonar. Vår gode årlege førjulstradisjon er å gje blaffen – kjevlet får kvile i fred, vaskinga reiser ikkje frå oss, kakeboksane ropar lik ramnungar etter innhald; vi bryr oss ikkje.

Rusta til tennene med lommebok full av pengar, kreditt- og debetkort set vi kursen til Langevåg i år som tidlegare år. Butikk på butikk ligg klar for inntog. Mange butikkar – store areal å fare over. Mykje å sjå på – mykje å bla i. Klart energinivået må vere på topp når startskotet går for butikkrunden. Sjølvsagt må vi først ha mat og kaffi. Som tidlegare år er det mykje god mat å velje av i disken. Nyt roa, ladar opp, legg slagplan.

Batteri er lada – vi er i gang. Gjengen er ivrige turgåarar. Godt at forma er på topp. Butikkane bugnar av klede, mykje å bla i og studere. Fargar, fasong og storleik må klaffe. Fine julegåver også. Så må vi ha med oss desserten – Porsgrund Outlet med koppar og kar, fat og skåler, vasar, nips og andre ting til å fylle opp i ein frå før overfylt heim. Endå meir å organisere og flytte på i heimen. Lage seg arbeid.

Siste kuldeperiode går mot slutten. Litt mildare i dag. Ein butikk full av ullklede lokkar. Viktig å ruste seg til neste kuldeperiode. Blar gjennom plagg etter plagg. Kjenner varmen i hendene. Førebygging er viktig, plagg etter plagg endar i handleposen. Kortet går seg varmt i betalingsterminalen; nesten svidd. Lempar handlepose etter handlepose inn i bilane. Klar for heimreise.

Men, er vi på tur, så er vi på tur. Endar i «Spisestua» på Moa – også ein tradisjon, kjøper middag, kosar oss; nyt å gje blaffen i juleførebuingar. Tek det piano, jula kjem likevel.

Flere saker fra Mental Helse Stordal