Stille Natt Hellige Natt
Tor Endresen, Ingrid Berg Mehus, Maria Haukaas Mittet, Lisa Børund og Rune Larsen skapte varm julestemning.
3. des 2019 Mental Helse Stordal

Julestemning og høgtid

Vi har ein mangeårig tradisjon å ta vare på – i tillegg til deltaking på arrangement i nærmiljøet i tilknytning til jula, reiser vi på julekonsert i ei kyrkje utanbygds også.

Denne gongen var vi atten som reiste utover til Spjelkavik kirke på Black-Friday med sitt handlehysteriet som ikkje freista oss. Veret var heller ikkje på lag med oss. Tittelen på julekonserten var Stille Natt Hellige Natt.

Godt var det å komme inn i kyrkja og finne plass, kjenne roa i kyrkjerommet. Rune Larsen batt saman konserten som veksla mellom kjende norske julesongar og engelske, med gode forteljingar. Framføringa av Trygve Hoff sin Nordnorsk Julesalme bar fram strevet i karrige kår og håpet. Inn i mellom vart vi som publikum tekne med i allsang. Den vakre og stemningsfulle konserten skapte ei høgtidssam kjensle til å ta med seg inn i julehelga, og vart avslutta med Deilig er jorden.

Flere saker fra Mental Helse Stordal