Markering
Vi var ute i god tid, men etter kvart var det over 200 som trassa regn og sørpesludd for å markere motstand mot nedlegging av sengeposten. (Foto: Bjørnar Midtbust)
6. feb 2020 Mental Helse Stordal

Markering mot nedlegging av alderspsykiatrisk sengepost

Helseforetaket hadde planer om å legge ned alderspsykiatrisk sengepost ved Ålesund sjukehus. Det ville ramme ei sårbar gruppe, personar over 65 år med psykiske lidingar og dei som treng utgreiing og behandling ved spørsmål om demens.

Nokre av oss i lokallaget møtte på protestmarkeringa ved Ålesund sjukehus sundag som var. Saman med om lag 200 frammøtte trossa vi regnver og sørpeføre for å høyre appellane og markere motstand mot nedlegginga av sengeposten. Ein ser på nedlegginga som eit svik mot ei svært sårbar gruppe.

Tysdagen etter kom gladmeldinga om at Helse Møre og Romsdal har skrinlagt planene om nedlegging av sengeposten. Såleis vil det viktige tilbodet som er bygt opp gjennom årelang innsats, halde fram.

Flere saker fra Mental Helse Stordal