Frammøte
Godt frammøte og triveleg steminng på årsmøtet.(Foto: Jorunn Vestre)
12. feb 2020 Mental Helse Stordal

MH Stordal sitt årsmøtet vel i hamn

Årsmøtet som er det høgste organet i lokallaget er viktige både for medlemmene og styret. Medlemmene får brei informasjon om drifta og kan også her komme med innspel.

Styreleiar Anna Margrethe Drægebø Moe ønskte velkommen og konstituerte møtet. Ingrid Løset vart valt til møteleiar med Jorunn Vestre som årsmøtesekretær. Ingrid tok over og leia møtet med stø hand gjennom alle sakene på sakskartet medan vi åt kringle, frukt og drakk kaffi/te undervegs. Både aktiviteten og økonomien i laget er god. Lokallaget er såleis liv laga.

12 medlemmer møtte. Det gode frammøtet inspirerer styret i det vidare arbeidet med å gjennomføre det som vert bestemt i handlingsplanen på årsmøtet.
Alle i styret med varamedlemmene vart attvalde samrøystes, Revisorane fekk også fornya tillit. To av medlemmene i valkomiteen sa frå seg attval, og ny valkomite kom også på plass.

Årsmeldinga 2019 og handlingsplan 2020 finn du på nettsida vår under dokument. Når årsmøteprotokollen er godkjent, vert den lagt ut.

Etter årsmøtesakene var unnagjort orienterte fylkesfadder, Oddrun Beyer-Holm, om oppgåver og mål i organisasjonen vår, jf. fadderpresentasjonen fylkesstyret har.

Takk til alle frammøtte for eit konstruktivt og godt møte!

Flere saker fra Mental Helse Stordal