I kyrkja
Kyrkja har barokk stil. På gallerier til høgre er det gamle testamentet motiv for utskjeringane. På galleriet under orgelet er ulike yrke symbolisert. (Alle foto: Brit Skjelten)
10. jun 2020 Mental Helse Stordal

På besøk i Borgund kirke

Vår tidlegare prest i Ørskog og Stordal, til dagleg kalla Kari-prest, inviterte oss til Borgund kirke. Etter vi sessa oss, spelte organisten gjennom 25 år, Kjetil, på orgelet og fylte den vakre kyrkja med høgtidsstemning.

Kari fortalde at kristendommen fekk godt fotfeste i området på 1000-talet, og den opphavelege delen, Peterskyrkja vart bygd av marmor på 1100-talet. Alteret frå middelalderen som står i austre del av kyrkja har eit hol i plata der det vart lagt relikvier. I inngangen står også ein gravstein frå 1200-talet.

Under reformasjonen vart kyrkja bygd på med ei fløy mot nord. Der står alteret i dag. Gjennom åra har det vore fleire brannar og påbyggingar; den siste påbygginga var på 1800-talet då det var stor rikdom i området. Kyrkja har rundbogar oppe slik katedralane har, men dette er ei barokkyrkje med mange utskjeringar. Seinare påbygging av kyrkja mot sør er årsaka til at alteret er plassert mot nord. Den gamle Peterskyrkja framstår som ein mindre del av bygget med korsarmar i retninga aust-vest.

Siste brannen var i 1904, og kyrkja vart oppattbygd i tilnærma same stil i1907. Før brannen var kyrkjesølvet bortkomme, men kom til rettes att seinare. Skuleborna ga ein bibel til kyrkja då ho var ferdig.

Vi som gjekk i skulen då bibelsoga var på timeplanen kvar dag og ho skulle puggast, nikka attkjennande til motiva på utskjeringane. Johannes døyparen held preikestolen der Jesu liv er synleggjort på relieffa langs trappa opp til preikestolen og rundt han. På galleriet på vestsida er det hendingar frå det gamle testamentet. Elles kan nemnast at på galleriet mot aust er det relieff av norske kongar saman med kvinnelege englar.

Flere saker fra Mental Helse Stordal