Elva-Pe
Tida kan verte lang for Elva-Pe. Han glimta til og kosa seg med triveleg damebesøk.
23. sep 2020 Mental Helse Stordal

Triveleg vandring på Sjøholt

17 varme grader og kastevind inn fjorden med litt duskregn av og til. Flott haustdag for vandring på Sjøholt med utgangspunkt frå kyrkja og vidare forbi Kråa.

Alltid fint å gå langs naustrekka og på postvegen vidare opp bakken før avstikkar utover mot Hestvika. På nedsida av vegen ligg badeplassen, men ingen følte seg freista av ein dukkert i sjøen. Tidlegare har vi fleire gonger gått postvegen frå Lindset – ein fin tur. Denne gongen tok vi vegen frå campinglassen forbi skulen og vidare til Elvastien. I dag låg veret til rette for å nyte niste og drikke på sitjeplassen langs elva, men vi hadde andre mat-planer.

Flere saker fra Mental Helse Stordal