Haust
Kledd i palettens lune fargar helsar hausten oss stilt velkommen.
30. sep 2020 Mental Helse Stordal

Kilsti - ei perle

Men varsam hand har Vårherre farga penselen med raudgule tonar i fargepaletten og drege han nennsamt over landskapet i samstemt harmoni. Nokre bjørker speglar seg i vatnet; beundrar stolt si fargerike haustkappe. Furuene kler seg ikkje om; dei vil ha si grøne heilårskåpe. Fuglane har flytta.

Landskapet er uendeleg vakkert med ei uforklarleg dragning. Kvart år må vi tilbake. I år vart det haust før vi kom. Ny oppleving å vandre langs vatnet blant flammande lier. Å traske innover mot sætra på skiftande sti – mellom lyngtuer, på steinar, finne fotfeste i ei lita bergskore, skråne over slipte berg, trø på samanvevde fururøter og kjenne surklet i litt sugande myr – er som livet sitt mangfald. Ein tur på Blåhornet – oppleve verdas tak – la auga sveipe roleg over fjord og fjell i blåne etter blåne. Vakrare enn draumen.

Flere saker fra Mental Helse Stordal