Jul3
.
21. des 2020 Mental Helse Stordal

God Jul og Godt nyttår til deg og dine!

Det er tid for å kjenne på julestemninga og nyte julehelga med lys og fargar.

Året som går mot slutten, vart noko annleis på grunn av smitteverntiltaka som påvirka aktivitetane. Gledeleg er det at på nyåret kjem vaksine mot covid19, og etter kvart vil vi komme attende til vanleg livssituasjon att.

Takk til kvar og ein for innsatsen og samarbeidet i året som går mot slutten. Sjølv om det vart eit noko annleis år, håper vi at de som har delteke har hatt glede av dei aktivitetane vi har hatt. Vi i styret ser fram til vidare godt samarbeid og triveleg samvær i året vi snart går inn i.

Styret ønskjer alle medlemmene og samarbeidspartnarane fine og gode juledagar!

Flere saker fra Mental Helse Stordal