2 1
14. des 2019 Mental Helse Sykkylven

Felles julebord

Mental Helse Stranda og Mental Helse Sykkylven arrangerte i år felles juleavslutning på Brukarkontoret i Sykkylven.

Vi fekk midlar til julearrangement frå restmidlane frå Mental Helse Sentralt. Vi var 16 stk. pluss ett nytt framtidsmedlem på 7 veker. Vi starta med julemat frå ein lokal aktør beståande av pinnekjøtt, svineribbe og masse tilbehør. Etter maten var det tid for karamellpudding, riskrem og fromasj, altså god norsk tradisjonell julemat. Når maten hadde sunket litt hadde vi dartturnering, der vinnaren fekk 290 poeng. Ole Andre stakk av med diplom og konfekt. Dei neste 5 fekk også premiar. Vi hadde det kjempetriveleg i kvarandre sitt selskap og fant ut at dette skal vi fortsette med i åra framover, neste år møtast vi på Stranda.

Flere saker fra Mental Helse Sykkylven