Tur til Grytalisætra

Uvanleg fint sommarver dag etter dag i siste vårmånaden freista til setertur.

Vi køyrde forbi kapellet i Vaksvik og vidare til idrettslaget sitt klubbhus der det var godt om parkeringsplassar. Greitt å vippse 35 kroner for parkeringa berre ein fann eit område med god dekning på mobilen. I førstninga labba vi avgarde på fast dekke på vegen som går vidare til Tresfjorden. Ved skiftet før vi tok av til Grytalisætra hadde vi ein pause med godt prat. Ein bil passerte oss.

Stølsvegen gjekk først litt nedoverbakke på god grusveg før den gjekk over til svak oppoverbakke. Pausar høyrer med på turane, så vi stogga litt før vi gjekk siste etappen til Grytalistølen som ligg 398 m.o.h. Vi minnest at for omlag ti år sidan gjekk vi til Grytavatnet herifrå. Elles er det mange flotte fjell å legge turen til, bl.a. Lauparen og Grytavasstinden.

På alle turar smakar det godt med niste, og sjølvsagt gjekk praten vidare medan vi nytte maten, staden og finveret. På returen la det seg nokre tunge mørkegrå skyer på himmelen. Det vart ein smak av regn i lufta. Eigenleg er regnet velkommen etter lang tid med tørke, men ikkje akkurat no. Og vergudane var med oss på returen også.

Under ein pause på turen vart fottyet sjekka. Viktig at det er i orden på turane. Lause skoreimer som heng og sleng er lett å snåve i. Skader vil vi ikkje ha. Her vert skoreimene knytta etter oppskrifta med to erfarne vitne.

Bildet syner ein liten del av den store og vide Grytalisætra. Bak kneisar Grytavasstinden på 1328 m.o.h. Der har nok mang ein spreking vandra. På denne setra var det heller ingen husdyr å sjå.

Ved ein steingard fann vi ein trygg plass for å innta mat og drikke. Nokre av oss er orme-redde og måtte vere trygg på at det ikkje var ein heim her for slike dyr før vi sette oss.