Om oss
Mental Helse Fjord vart etablert som Mental Helse Stordal 9. november 2006, og er eit lokallag i Mental Helse Møre og Romsdal med ca. 60 medlemmer. Fjord kommune vart etablert 1. januar 2020 då kommunane Stordal og Norddal vart slått saman. Valldal er kommunesenter. Fjord kommune strekker seg over 1.146,15 km², og er minste kommunen i fylket med ca. 2.600 innbyggarar.
Styremøta vert oftast haldne siste torsdagen i månaden med unntak av juli, og er opne for medlemmene.
Medlemsmøta, som er opne for alle interesserte – også ikkje-medlemmer- vert haldne andre tysdagen i månaden. Når vi skal ha medlemsmøte, vert det lagt ut på nettsida og alle medlemmene får sms.
Ønskjer du å verte frivillig eller medlem hos oss? Då er du er hjarteleg velkommen til å kontakte oss!
Hils på lederen vår
Mental Helse Fjord drives av en gjeng med ivrige og engasjerte folk som jobber for å skape et møtepunkt for de som ønsker et fellesskap i vårt område.
Styret
Leiar: Anna Margrethe Drægebø Moe
Kasserar: Jorunn Vestre
Styremedlem: Torill Sandvik
Styremedlem: Marit Abelvik
1. vara: Ingebjørg Vestre
2. vara: Arna Øvrebust