På elveforbygninga

Kalenderen synte 12. august då vi møttest ved småbåthamna kl.18:00 for å gå tur langs Stordalselva som har roa seg ned att etter siste regnskyllet. Det er slik at elva veks fort opp, men minkar kjapt ned att når himmelen stenger slusene.

LHL organiserte sine på tur også. Kjekt å rusle saman med dei, slå av ein prat og verte kjend med fleire. Elva blandar seg inn i praten med varierande styrke, vil seie noko, ho også. Av og til lyttar vi til elveskratten før elva kvirvlar vidare, flatar ut, bygger seg opp til neste prat.

Stordalselva – ei perle

Gjennom åra har fiskarane fått mange laksar på stonga er. I år var det lite å få og svært langt mellom fiskane. Etter kort tid vart elva stengt for fiske, delte skjebne med fleire andre lakseelver. Så vart det dykka i elva for å kartlegge laksebestanden og sjå etter uønska individ – rømt oppdrettslaks. Det er fleire teoriar om kvifor villaksen er nesten fråverande. Hadde vore kjekt å sett ein glad laks i elva under vandringa.

Ved Kvammebrua passa det med ein kort pause før vi rusla vidare fram til Øvrebust. I området er ei fellesfjøs. Fyl ein vegen opp til hovudvegen kjem vi til Stordalstunet med Rosekyrkja, Prestestova, Løsetstova og eit gammalt stabbur. Skulle hatt tid til ein runde dit.

Målet var Øvrebust. Her var det ståande inntak av energi før vi tok fatt på turen ned att til start-plassen. Leiar i LHL nytta høvet til å informere gjengen sin om turplanar framover medan vi i Mental Helse planlegg byvandring i Molde.