10
sep

Om sjømannskyrka og arbeidet der

10. september 2024
Frivilligsentralen i Stordal

På møtet som er ope for alle interesserte, vil Else Karin Lied fortelje og syne bilde frå arbeid og fritid i samband med arbeidet sitt ved sjømannskyrkjer. Først jobba ho om lag fire månader ved sjømannskyrkja i Dubai – De forente arabiske emirater. Ho opplevde arbeidet som interessant og givande, og då ho seinare vart spurt om å reise til ei sjømannskyrkje i Thailand, takka ho ja og var der i nesten to månader. Oppgåvene var ulike ved dei to sjømannskyrkjene, og ho fekk også bruk for kunnskap frå yrket sitt som sjukepleiar.

Elles vert det orientering om aktivitetane framover og sjølvsagt tid for prat over kaffe med noko attåt.

Ta gjerne med deg nokon og kom!