Opplæring i bruken av nytt medlemssystem

Medlemssida til Mental Helse vart endra for nokre dagar sidan.

Leiarar i lokal- og fylkeslag vart invitert til å delta på webinar om den nye sida. Mental Helse la opp ein serie med webinar, slik at alle skal kunne finne ein dag/tid som passar å ta opplæringa.

Styreleiaren i Mental Helse Fjord deltok på eitt av webinara. Det var informasjon om korleis logge seg på og finne medlemslistene. Nokre funksjonar er som før, men ein har også fått nye som kan brukast i kommunikasjon med medlemmene. I systemet kan ein registrere verva medlemmene har i laget. Når valkomiteen skal gjere arbeidet sitt, kan den få tilgang til medlemslista. Vidare er det lagt opp til at laga i mindre grad enn før må kontakte Mental Helse sentralt for å legge inn endringar.