Innkalling årsmøte 2025
Årsmøtet vert tradisjonen tru halde andre tysdagen i februar. Går du inn på Mental Helse Fjord si nettside og trykker på «Dokumenter» oppe til høgre, finn du innkallinga med saksliste til årsmøtet.
To veker før årsmøtet vert årsmøtedokumenta lagt ut under «Dokumenter» på nettsida vår. Jfr. vedtektene § 25.3. Der kan du lese dei.
Nemnast kan at fadderen vår møter på årsmøtet og vil legge fram ein presentasjon om fylkesstyret sitt arbeid.
Nedanfor ligg sakslista med orientering om frister:
Sak 1: Opning/konstituering av årsmøtet
1.1 Frammøtte medlemmer med gyldig medlemskap
1.2 Godkjenning av innkalling og dagsorden
1.3 Val av møteleiar og sekretær for årsmøtet
1.4 Val av to protokollunderskrivarar
1.5 Val av teljekorps
Sak 2: Årsmelding for årsmøteperioden
Sak 3: Revidert rekneskap 2024
Sak 4: Fastsetting av honorar/godtgjersle for styret
Sak 5: Innkomne saker, jfr. § 25.4
Sak 6: Fastsetting av handlingsplan til neste ordinære årsmøte
Sak 7: Budsjett 2025
Sak 8: Val
8.1 Val av leiar, 1 styremedlem og 2 vararepresentantar
8.2 Val av 2 delegatar m/3 varamedlemmer i rekkefølge til fylkesårsmøtet
8.3 Val av valkomite
8.4 Val av 2 revisorar
Saker du ønskjer behandla på årsmøtet, må sendast styret innan måndag 21.01.2025, e-post fjord@lokallag.mentalhelse.no eller til Mental Helse Fjord c/o Anna Margrethe Drægebø Moe, Stordalsvegen 1073, 6250 Stordal.