
Tur til Atlanterhavsparken
Kl. 11:00: Alle møter ved Bunnpris på Sjøholt. Vi organiserer køyringa for dei som ønskjer samkøyring. (Dei i Fjord som treng skyss, kontaktar Anna Margrethe tlf. 92 63 99 16 innan kl. 18:00 onsdag 18. juni.)
Framme ved Atlanterhavsparken samlar vi oss ved inngangen for kjøp av inngangsbillett, kr 250, som gjev tilgang til alt. Avtalar når vi skal samlast i kafeen til eit lett måltid (Serveringa er smørbrød, kake og drikke). Vi vandrar rundt og ser det vi ønskjer. Kvar dag vert det lagt ut program for dagen.
Dersom veret er bra, ruslar vi rundt i fint og tilrettelagt område ved parken etter vi har vore inne. Ta gjerne med deg mat og drikke.
Atlanterhavsparken vil ha melding to dagar før om kor mange som kjem.
Påmelding: Innan kl. 12:00 tysdag 17. juni til Ingebjørg tlf. 90 68 76 71.
Vel møtt til ein triveleg tur!