10
sep

Markering av Verdsdagen for sjølvmordsførebygging 10. september

10. september 2025
Kl. 11:00 appell ved ordføraren på Allmenningen i Stordal. Kl.18:30 foredrag på Valldal skule ved leiaren for Kirkens SOS

Sjølvmord er ei av dei mest alvorlege folkehelseutfordringane i landet vårt. Det er i følge Folkehelseinstituttet ei av dei leiande dødsårsakene blant unge voksne i alderen 15 – 29 år. Førebelse tal for 2024 syner at 535 menn og 192 kvinner tok livet sitt i 2024. I snitt mister vi nesten to mennesker pr. dag.

Sjølvmord etterlet seg djupe sår i familier. Dei som står att, opplever ofte ei overveldande kjensle av tap og skuld. I følge Folkehelseinstituttet er det estimert at kvar person som tek livet sitt, påvirkar minst 6 – 7 menneske direkte. Dette kan inkludere foreldre, søsken, born og nære venner. Familier opplever ofte følelsar frå sorg og sinne til forvirring og skam. Det er ikkje uvanleg at dei etterlatte slit med sorgreaksjonar og det kan vere vanskeleg å bearbeide tapet. Forskning viser at i snitt vert om lag 135 menneske berørt av kvart sjølvmord.

Verdsdagen for sjølvmordsførebygging vert markert 10. september slik : GÅ FOR LEVE, frammøte kl. 11:00 på Allmenningen i Stordal. Der vert appell ved ordførar Terese Jemtegård Moen. Deretter går vi ein lett tur. Dei som ønskjer det kan gå inn på frivilligsentralen der vi byr på kaffi; te og kjeks.

Kl. 18:30 er det ope møte på Valldal skule, musikkrommet. Carl-Axel Bang-Ellingsen som er leiar for Kirkens SOS, vil snakke om temaet og arbeidet til Kirkens SOS.

Sparebanken Møre har sponsa arrangementet. Organisasjonane Leve Møre og Romsdal, Mental Helse Fjord og Eidsdal-Norddal Røde Kors Omsorg er arrangørar av markeringa.