11
nov

Velferdsinstrumentet CRDL og bruken av det

11. november 2025
Frivilligsentralen i Stordal

Mange veit truleg at på sjukeheimane i Valldal og Stordal er det eit velferdsinstrument som vert kalla CRDL. Det liknar eit stort og litt flatt rundstykke med ei rund grop i.  

Det er ikkje uvanleg at det kan vere vanskeleg å få kontakt med personar med demens. Ved å bruke dette instrumentet kan ein stimulere og gjenopprette kontakta med dei. Instrumentet CRDL kan også brukast for å få kontakt med personar som har andre typer funksjonsnedsettingar som f.eks. autisme og afasi. Det som skjer er at ved hjelp av lydar og musikk vekkjer instrumentet CRDL gode minne til live. Språket vert stimulert og uro kan dempast.

Dei fleste av oss kjenner nokon med demens og veit kor vanskeleg det kan vere å kommunisere. På frivilligsentralen tysdag 11. november vil logoped Ursula Astrid Jongsma fortelje om velferdsinstrumentet og syne korleis bruke det. Ved å ha kunnskap om instrumentet som sjukeheimen har, kan ein ved besøk hos personar med demens ta det i bruk og oppleve kontakt.

Det vert kaffe/te og noko å bite i. Gratis adgang. Som vanleg er det god anledning til å slå av ein prat. Vi ønskjer alle velkomne til møtet!