
Frå leiarmøte i Molde i november
Siste helga i november kalla fylkeslaget inn til leiarmøte i Molde.
Det er vanleg at leiar og ein til i styret vert kalla inn. På agendaen for møtet stod som vanleg nytt frå lokallaga. Vi orienterer om kva vi driv på med i lokallaga, og det skjer utveksling av idear og erfaringar. Vi er 14 lokallag i fylket vårt. 9 lokallag var representert.
Brukarmedverknad er lovfesta på individ- og systemnivå. Representantar for brukarane skal delta i diverse fora for å fremje brukarane sine behov og påvirke tenestene til beste for brukarane. Det krev at vi har brukarar som brukar tid og jobbar i vervet sitt for å skape ei betre teneste der det trengst. Mental Helse og FFO har arrangert kurs i brukarmedverknad.
På møtet møtte brukarrepresentant Audun Gautvik som fortalde om brukarmedverknad i Helse Midt-Norge RHF. Det er eit verv som krev mykje. Ein må følgje med og vere oppdatert dersom ein skal skape endringar i systemet.
I Mental Helse er ein i gang med BrukerMedvirkningsProsjektet (BMP). Det har vore ei innføring på Teams tidlegare. Målet er å styrke brukarrepresentantane i arbeidet og skape nettverk. Ein er i gang med opplæring av mentorar som skal kunne gje brukarrepresentantane råd og støtte. Fagsjef Jon Fabritius i Mental Helse var til stades og orienterte om prosjektet.
Med oss på skjermen var mental trenar Helle Luxe som jobbar i prosjektet Mentalt Sterk Sammen – eit nytt lågterskeltilbod i samarbeid med Mental Helse Oslo. Prosjektet sitt mål er å styrke den mentale helsa i befolkninga og det skjer i samarbeid med organisasjonar og tiltak som har same formål. Det er ei trening for einskilde og grupper som ønskjer å utvikle robustheit, trivsel og indre balanse. Kvar økt følgjer ein fast struktur og skjer online på Zoom.
På tampen av siste dag hadde leiaren i Mental Helse Ålesund ordet. Han fortalde om korleis ein kan jobbe med søknader opp mot bedrifter for å få tilskott til å gjennomføre arrangement/prosjekt. Det er pengar å hente ved å gå fram på ein god måte.

