
Liv og lagnad i Holmebygda
Tidlegare lærar Eystein Hjelme er svært interessert i kultur og historie og har skrive fleire bøker. Nemnast kan boka «Jekter og jektefart». Der skreiv han ned historier frå tida då storparten av handelen i fjordane gjekk føre seg med jekt.
På møtet vil Eystein fortelje om busetnad og levd liv i Holmebygda og syne bilder derifrå. Holmebygda ligg i det bratte terrenget som strekkjer seg frå Stordalsholmen til Djupedalen. Den vesle bygda hadde tre gardar og ti plassar der det på det meste budde over 40 menneske. Øvsteholmen var ein av gardane. Levemåten var ein kombinasjon av jordbruk og fiske. Eine plassen fekk tilnamnet Lepraplassen, og på Latøyna finn ein den mykje omtala bakaromnen etter Latøy-Lars.
Møtet er ope for alle interesserte. Enkel servering og tid for sosialt samvær. Gratis adgang. Du er velkommen!

Andre kommende arrangementer

