09
jun

Kva gjer ein kreftkoordinator og kva er «ABC for god psykisk helse»

09. juni 2026
Stordal frivilligsentral

På møte 9. juni på Stordal frivilligsentral vil kreftkoordinator Cathrine Langhaug Berli orientere om kva ein kreftkoordinator kan tilby pasientar og pårørande. Ho vil fortelje om støtte og rettleiing gjennom sjukdomsforløpet, samarbeid med helsevesen og hjelpeapparat, samt korleis ein kan få hjelp i kvardagen. Tilbodet omfattar både praktisk oppfølging, samtalar og informasjon om rettar og moglegheiter. Målet er å gjere innbyggjarane meir kjende med tenesta.

Fjord kommune er vald ut som pilotkommune og har fått midlar til å formidle folkehelsekampanjen «ABC for god psykisk helse» lokalt. Kulturkoordinator Bjørg Jacobsen vil fortelje om kva programmet fokuserer på og kva som er målet. Arbeidet byggjer på bodskapen om å vere aktiv, byggje relasjonar og gjere meiningsfulle aktivitetar saman med andre. Ho vil orientere om korleis kommunen vil samarbeide med frivillige, lag, skulen og helseaktørar for å gjennomføre programmet.

Mental Helse Fjord som arrangør ønskjer alle velkomne til møtet som er gratis og ope for alle. Ta gjerne med deg nokon og kom. Enkel servering.