
Framtidsfullmakt – tryggleik for framtida
Kva skjer dersom du ein dag ikkje lenger kan ta vare på dine eigne interesser?
Ei framtidsfullmakt gir deg høve til sjølv å bestemme kven som skal hjelpe deg med personlege og økonomiske forhold dersom du ikkje lenger kan gjere det sjølv.
Dette er viktig for alle vaksne – også unge over 18 år. Uventa sjukdom eller ei ulukke kan ramme når som helst. Med ei framtidsfullmakt kan du skape tryggleik for deg sjølv. Har du ikke ei slik framtidsfullmakt kan Statsforvaltaren oppnemne eit verge som tek beslutningar på vegne av deg.
Mental Helse Fjord ønskjer deg velkomen til møte på Stordal frivilligsentral 10. november der advokat Mette Loe vil fortelje om kvifor framtidsfullmakt er viktig, og korleis du kan opprette ei slik fullmakt. Ta gjerne med spørsmål!
Møtet er ope for alle. Vi har litt å bite i. Gratis adgang. Vi har ei sosial økt etter orienteringa fram til kl. 20:00.
Ta gjerne med deg nokon. Velkommen!

Andre kommende arrangementer


