Trening av balanse og førebygging av fall

Stor risiko

Fall er den vanlegaste ulukka som rammar eldre, og omlag ein tredel av dei over 65 år fell. Risikoen for å falle aukar med alderen. Fallprosenten er 50 for dei over 80 år. Konsekvensane av fall kan vere brot og/eller redusert livskvalitet. Såleis bestemte vi oss for å ha trening av balanse og førebygging av fall som tema på årets første møte. Vi fekk fysioterapeut Øyvind Sundnes hit for å snakke temaet.

Trening og balanse

Han fortalde at det er mange definasjonar på balanse og her vert ein av dei sitert: «Evna til å oppretthalde ei stabil, oppreist stilling og å bevege seg utan å falle.» Vidare var han innom kva som påvirkar balansen, og det er mange ulike årsaker til redusert balanse. Det kan vere syn, indre øyre og nervendar i musklar og ledd som sender signal til hjernen samt stress, utbrentheit, angst og livsstil. Sneglehuset som ligg inne i øyret har buegangar fylt av væske og samling av krystallar som kan losne og vandre rundt i gangane og sende signal til hjernen. Ein vert svimmel. Det er stilt spørsmål om det er samanheng mellom beinskjørheit og krystallsjuke.

Han nemde postural balanse som handlar om kroppen si evne til å halde seg oppreist og stabil i rommet. Det er avgjerande for alle bevegelsane. Balanse og hørsel heng i hop. Ved nedsett hørsel er det viktig å bruke høyreapparat. HUNT-studien syner at nedsett høyrsel fører til mindre fysisk aktivitet. Fysisk aktivitet er viktig for balansen. Øyvind sa at at svimle knytta til utbrentheit er ei åtvaring når stresset begynner å påvirke den fysiske helsa og nemde nokre meistringsstrategiar: Djuppustøvingar, mindfullness og avslapningsteknikkar. Elles bør ein unngå triggarar som vekkjer streke reaksjonar. Elles er det viktig å oppretthalde ein sunn livsstil.

Vi fekk nokre enkle og gode råd:
– Tilpass øvingane
– Tren trygt
– Varier
– Gjer øvingar som liknar kvardagen
– Ver regelmessig
– 5 minutt i gongen er godt nok.
Øyving avslutta med å syne øvingar som påvirkar balansen. Vi utførte dei saman med han.

Du finn øvingane vi hadde ved å gå inn på helsedirektoratet.no. Der kan du laste ned brosjyrene.

For tre år sidan vart Hørselsforbundet Indre Sunnmøre stifta, og leiaren i laget, Kjell Martin Rønning, orienterte om laget og kva dei driv med.

Etterpå framførte han til glede for oss fleire varierte melodiar på munnspel.

Møtet var arrangert av Mental Helse Fjord, Stordal Helselag og Hørselsforeninga Indre Sunnmøre i samarbeid.